| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | KVAMME

Kvamme, Balestrand k.

590,- NOK INKL MVA

4,7 cm, bronse. Slipsnål basert på spenne frå romartid.

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

 

Slipsnåla er basert på ei spenne frå ei gravrøys på Kvamme, Balestrand k. Nåla er ein 1:1 rekonstruksjon av nedre delen av spenna.

Den unike draktspenna skriv seg frå ei rik mannsgrav frå 300-talet i yngre romartid. Medan den øvre delen av spenna truleg er inspirert av romerske former, er det vanskeleg å finne parallellar til resten. Både forma og type nålsystem indikerar at spenna er tidleg (romartid heller enn folkevandringstid). Dei viser og at skaparen av spenna kjende til romerske former, men var kreativ og nyskapande nok til å utvikle sjølvstendige stildrag.

Mannen som eigde spenna var truleg del av ein framveksande krigarelite langs Sognefjorden. Han hadde elles med seg i grava: sverd, to store spyd, den eine av spydspissane heile 72 cm lang, skjold med skjoldbule i jern, tre øksar, to knivar, piler, saks, drikkebeger i glas, og to keramikkar. Karen var væpna til tennene og sverdet, spenna og glasbegeret vitnar om makt og høg status. Frå dette tidsrommet veit me at det vart drive storstilt fangst av reinsdyr i høgfjellet, og at gevira var råstoff til eit luksusprodukt - kammen. Som beltebeslaga var gevirkammane del av det personlege utstyret til krigareliten. Nærstudiar av store mengder slikt utstyr frå våpenofferfunn i Danmark, viser at hærstyrkar frå Noreg herja på Jylland og Fyn - og at også menn frå Sognefjorden kan ha delteke. Les meir om våpenofferfunna her, sjå film på YOU TUBE.

Sjå sensasjonsfunnet av ein ullkjortel frå romartid frå Lendbreen i Lom.

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av mann frå romartid, med reimtunge frå Grimhellaren og kopi av det sensasjonelle funnet av ein romartids kjortel frå Lendbreen i Lom

Teikning av den orginale spenna til høgre (B5590), etter Shetelig 1906.

 

Tie clasp based on part of a brooch from the Late Roman Iron Age (200-400 A.D.), from a burial at Kvamme, Balestrand kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad .

Schlipsnadel nach einem Brosche aus der jüngere Römische Eisenzeit (200-400 n.Chr.)aus einem Grab aus Kvamme, in der Balestrand Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

Slost sogningar i Danmark 500 år før vikingtida? Sjå meir om det danske våpenofferfunnet på YOU TUBE, les meir her

.

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Kven var mannen i grava på Kvamme? Kven fekk smake våpna hans? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje

eit utsal (her) - og spekuler sjølv!